«I'm in You» er ein song av Peter Frampton og tittelsporet på albumet I'm in You i 1977. Songen vart gjeven ut på singel og klatra til andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og toppen av Cash Box Top 100 og i Canada. Det var dermed den mest suksessrike singelen hans. Han vart halde unna toppen av den amerikanske lista av Andy Gibb sin «I Just Want to Be Your Everything». «I'm in You» vart rangert som den 42. største hitten i USA i 1977.
Låtkskriving og innspeling
«I'm in You» vart skriven av Peter Frampton etter han kom attende til New York City frå turneen der han spelte inn konsertalbumet Frampton Comes Alive! i 1976.
Songen handlar om at Frampton nyleg var blitt separert frå den første kona si, modellen Mary Lovett.
Songen vart spelt inn i Electric Lady Studios i Greenwich Village i New York City. Frampton måtte ha vakter for å hindre overivrige fans frå å forstyrre innspelinga.
Songen er hovudsakleg driven av klaverinstrument med korvokal av Mick Jagger.
Medverkande
Salslister
Vekeslister
|
Årslister
Liste (1977)
|
Plassering
|
Australia[9]
|
65
|
Canada[10]
|
26
|
US Billboard Hot 100[11]
|
42
|
US Cash Box[12]
|
49
|
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
Studioalbum | |
---|
EP-ar | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Singlar | |
---|
Related articles | |
---|