Frampton's Camel er det andre albumet til den britiske musikaren Peter Frampton, spelt inn og gjeve ut i 1973. Det var det første albumet som Frampton spelte inn i USA. Det meste av albumet vart skrive i New York City. Då det kom ut nådde det 110. plassen på Billboard 200.
Bakgrunn
Frampton gjekk i ein litt røffare retning enn på debutplata. Den originale trommisen til Frampton, Mike Kellie, valde å slutte i bandet etter usemjer med Frampton. Albumet er kalla opp etter namnet på bandet til Frampton for dette prosjektet. Dette omfattar òg bassisten Rick Wills, den nye trommeslagaren John Siomos og klaverspelaren Mick Gallagher.
Innhald
Alle songane er skrivne av Peter Frampton, utanom der andre er nemnde.