The Five Faces of Manfred Mann er det første studioalbumet til den britiske beat/R&B-gruppa Manfred Mann. Det vart først gjeve ut i Storbritannia den 11. september 1964[1] på His Master's Voice. Seint i oktober/tidleg i november kom albumet ut i Canada på Capitol Records.[4] Den kanadiske sporlista var nesten den same som den britiske, men tok med «Do Wah Diddy Diddy» i staden for «I've Got My Mojo Working». Innspelinga har blitt kalla «eit av dei beste bluesbaserte albuma i den britiske invasjonen; det er eit hitt, rockande album med dugande musikarar».[1]
Den amerikanske versjonen av albumet (det andre albumet deira i USA etter The Manfred Mann Album) kom ut i februar 1965 på Ascot Records (ein etikett under United Artists)[5] med eit heilt anna innhald. Denne versjonen er meir pop-prega enn den britiske versjonen av The Manfred Mann Album, med songane «Sha-La-La», «Come Tomorrow»,[6] og «Hubble Bubble (Toil and Trouble)»; og songar srivne av frontmannen Paul Jones i tillegg til den tradisjonelle amerikanske folkevisa «John Hardy». Det inneheld òg ein mindre del av R&B- og jazzsongar.[7]
The Five Faces of Manfred Mann nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og er den høgaste plasseringa bandet fekk på denne lista.[9] Den amerikanske verjsonen av albumet nådde berre 141. plassen på Billboard 200 og låg fire veker på lista.[1][10]
Mann Made Hits ·Soul of Mann ·What A Mann ·Chapter Two: The Best of the Fontana Years ·Basic: Original Hits ·The Best of Manfred Mann: The Definitive Collection ·The Best of the EMI Years ·Manfred Mann at Abbey Road, 1963-1966 ·BBC Sessions ·Very Best of Manfred Mann ·The Story ·Classic Masters ·The Evolution of Manfred Mann ·Complete Greatest Hits