As Is er eit popalbum frå 1966 av Manfred Mann. Det var det fjerde albumet deira totalt, men det første for Fontana Records og det første med dei nye medlemmane Mike d'Abo og Klaus Voormann. Albumet var produsert av Shel Talmy og kom ut i Storbritannia den 21. oktober 1966.
Oversyn
Dei tolv songane på albumet inkluderte den første singelen til denne besetninga, ein versjon av Bob Dylan sin «Just Like a Woman» som nådde topp 10 i Storbritannia, og ein kort cool jazz-versjon av «Autumn Leaves», som minna om Modern Jazz Quartet med Mike Hugg på vibrafon og kontrabass frå den tidlegare bassisten i bandet, Dave Richmond. d'Abo og Mike Hugg skreiv tre songar kvar til albumet.
Mann Made Hits ·Soul of Mann ·What A Mann ·Chapter Two: The Best of the Fontana Years ·Basic: Original Hits ·The Best of Manfred Mann: The Definitive Collection ·The Best of the EMI Years ·Manfred Mann at Abbey Road, 1963-1966 ·BBC Sessions ·Very Best of Manfred Mann ·The Story ·Classic Masters ·The Evolution of Manfred Mann ·Complete Greatest Hits