Badfinger var eit britiskrockeband som i den mest suksessrike besetninga si bestod av Pete Ham, Mike Gibbins, Tom Evans og Joey Molland. Bandet utvikla seg frå ei tidlegare gruppe kalla The Iveys, som vart skipa i 1961 av Ham, Ron Griffiths og David «Dai» Jenkins i Swansea i Wales. The Iveys var den første gruppa som vart signert av The Beatles sitt Apple i 1968. Bandet skifta då namn til Badfinger og i 1969 slutta Griffiths og vart erstatta av Molland. I 1970 hyrte bandet den amerikanske forretningsmannen Stan Polley som manager. I løpet av dei fem neste åra spelte bandet inn fem år for Apple og turnerte mykje, før dei vart innvikla i kaoset som oppstod då Apple Records vart oppløyst.
Etter Apple Records vart nedlagd, fekk Badfinger kontrakt med Warner Bros. Records, men den økonomiske handteringa til Polley førte til indre stridar til at Ham slutta i bandet. Han vart erstatta av Bob Jackson på klaverinstrument og gitar, før Ham kom attende og Molland slutta i staden. Warner sitt musikkforlag saksøkte Polley over manglande pengar på ein sperra konto, som førte til at Warner trekte attende albumet deira Wish You Were Here i 1974, sju veker etter det kom ut, som på effektivt vis stogga inntektene deira. Warner nekta så å akseptere (eller betale bandet for) det neste albumet deira, Head First, på grunn av striden med Polley, og bandet hamna i pengenaud. Tre dagar før han fylte 28, den 24. april 1975, tok Ham livet sitt då han hengde seg, og etterlet ein lapp der han fordømde Polley.
Dei neste tre åra strevde dei attverande medlemmane med å byggje opp att det personlege og profesjonelle livet sitt, samstundes som det gjekk ei rekkje søksmål som låste fast inntektene til bandet i årevis. Badfinger-albuma Airwaves (1979) og Say No More (1981) (begge utan både Gibbins og Jackson) mislukkast, då Molland og Evans vippa mellom samarbeid og konflikt i forsøket på å kome i gang att med Badfinger. Etter å ha sett liket av Ham då kona til Ham ringde til han like etter han vart funnen, kom Evans visstnok aldri over sjølvmordet til venen, og skal i mørke stunder ha sagt «Eg vil vere der han er».[3] Den 19. november 1983 hengde òg Evans seg.
Det tidlegare medlemmet Joey Molland turnerer framleis i dag under namnet Joey Molland's Badfinger i USA.[4]
I 2015 skipa det tidlegare medlemmet Bob Jackson si eiga utgåve av Badfinger med Andy Nixon, Michael Healey og Ted Duggan for å æra minnet om Pete Ham, Tom Evans og Mike Gibbins. Denne gruppa turnerte med 23 konsertar i Storbritannia, der dei spelte for over 20 000 folk.[5][6] Gruppa fortsette å spela i 2016.