Etter at Borten si regjering gjekk av den 2. mars 1971 på grunn av «lekkasjesaka» om EF, fekk Bondevik, etter at HøgresJohn Lyng var vorten uaktuell som statsministerkandidat, den 6. mars i oppdrag å danna ei ny firepartiregjering. Dei samarbeidande partia skulle vera Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Forhandlingane tok til måndag den 8. mars.
Då han allereie neste kveld den 9. mars måtte gje opp, kom han på direktesendt fjernsyn med denne klassiske uttala:
«Eg er djupt såra og vonbroten over at Senterpartiet, som gjekk sterkt inn for å få meg til å prøva å skipa ei ny regjering, mot mitt personlege ynskje, ikkje sa greitt ifrå om sitt standpunkt. Særleg er det leitt at Senterpartiet gav dei andre partia grunn til ein optimisme som det viste seg ikkje å vera grunnlag for.
Alle representantane frå dei andre partia rekna med at det var skapt eit akseptabelt grunnlag som alle burde kunne ha stått på, men det viste seg altså ikkje å vera tilfelle.
Når eg tenkjer på alle dei sakene som samarbeidsregjeringa har gjennomført i dei siste fem åra, og nye - som ein kunne ha fått gjennomført - gjev eg uttrykk for djup sorg over det som no har hendt.»
I ettertid har «djupt såra og vonbroten» vorte eit populært uttrykk, som vert nytta av både nynorsk- og bokmålsfolk.