Han blei også vald inn på Stortinget som stortingsrepresentant for kjøpstadane i Møre og Romsdal fylke (Kristiansund, Molde, Ålesund) frå 1945 til 1949. Fordi han var statsråd møtte han ikkje på Stortinget som representant før 1. juli 1948. Han vart då vald til formann i Kyrkje- og skulekomiteen, noko han var til stortingsperioden tok slutt, 10. januar 1949.
Han arbeidde som kontormann på Nordmøre fogdekontor i Kristiansund 1910-1911. Han var lærar ved folke- og ungdomsskular 1912-1919, og lærar ved høgare skule 1920-1927. Han var rektor ved Firda landsgymnas (Sandane) 1927-1938, og rektor ved Ålesund offentlige høyere almenskole (Latinskolen) 1938-1948. 1945-1949 var han i regjeringa og stortinget, før han vart kringkastingssjef 1948-1962
Medlem Plankomiteen for den nye skoleordninga 1935-1940
Formann Nemnda for teknisk kveldsskule, Gloppen frå 1937
Formann Styret for Ålesund yrkesskule frå 1939
Medlem Undervisningsrådet 1940-1945
Radikal sosialdemokrat og målmann
Fostervoll rekna seg som radikalsosialdemokrat i tradisjonen frå Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (1921–1927), som stod sterkt i Møre og Romsdal dei åra dette partiet fanst som alternativ til Arbeidarpartiet og NKP. Også den mest kjende av forkjemparane for NSA, Olav Oksvik, var frå dette fylket. Fostervoll stod saman med Oksvik, Jacob Vidnes og Anton L. Alvestad mot «tranmælittane» og dei revolusjonære innanfor Arbeiderpartiet. Dette var også sentrale personar innanfor NSA.I Møre og Romsdal var utbrytarpartiet NSA større enn DNA, og hadde dessuten eit tyngdepunkt på Sunnmøre.[1] Fostervoll har skrive ei partihistorie om NSA. Han var òg aktiv målmann, og attmed Halvdan Koht ein av dei fremste nynorskforkjemparane innanfor arbeidarrørsla. Fostervoll var den første frå Mållaget som vart leiar i Studentersamfundet i Oslo.
Litteratur
Fostervoll, Kaare: Studieplan i samfundsøkonomi, Oslo 1934
Fostervoll, Kaare: Arbeiderskandinavismen i grunnleggingstida, Oslo 1935
Fostervoll, Kaare: Mot rikare mål. Den norske folkehøgskule 1864-1964, Oslo 1964