Lars Samuel Myhrer Evensen (12. november1896–19. januar1969), fødd i Drøbak, var ein norskpolitikar frå Arbeidarpartiet) og fagforeiningsmann. Han var formann for kjøttarbeidarforbundet frå 1927, sekretær i LO frå 1934 og nestformann i 1939. Saman med formann Konrad Nordahl var Evensen blant dei fremste talspersonane for å konfrontere okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen og blei fratatt vervet sommaren 1940.
Etter mjølkestreiken og forsøket på nazifisering som ramma LO hausten 1941 drog Evensen til Sverige der han spelte ei leiande rolle i Arbeiderpartimiljøet.