Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Jewish Princess

Jewish Princess
Song av Frank Zappa
frå albumet Sheik Yerbouti
Innspelt 1979
Sjanger Komedierock, pop
Lengd 3:16
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa

«Jewish Princess» er ein song av Frank Zappa på albumet Sheik Yerbouti i 1979. Songen er eit komisk syn på ei stereotypisk jødisk-amerikansk «prinsesse», som fekk merksemd frå Anti-Defamation League. Zappa nekta å kome med ei orsaking og hevda «I motsetnad til einhyrningar, finst slike skapningar - og fortener å bli 'feira' med sin eigen spesielle opus». I eit intervju med Spin var han nesten fornærma og sa, «…det er som å seia at det ikkje er noko slikt som jødiske prinsesser. Som om eg fann opp dette?»[1] Biografen Barry Miles hevda i boka si Frank Zappa (Atlantic Books of London, 2005), at ADL bad Federal Communications Commission (FCC) om å bannlyse songen frå radio - noko som var symbolsk sidan songen ikkje vart spelt likevel. Dette førte til eit rykte om at det hadde vore eit søksmål mot Zappa, noko han kraftig nekta for i eit CNN-intervju på «The Freeman Report» den 26. oktober 1981.[2] Zappa hevda at støytande songar som denne var årsaka til at Sheik Yerbouti vart eit av dei bestseljande albuma hans. Sjølv om songen vart lite spelt på konsertane hans, vart han gjeven ut på samlealbumet Have I Offended Someone?[3][4]

Kjelder

  1. LLC, SPIN Media (1991-07), SPIN (på engelsk), SPIN Media LLC, henta 31. juli 2025 
  2. Zappa on “Freeman Report” CNN – October 26th, 1981 | Kill Ugly Radio (på engelsk), henta 31. juli 2025 
  3. Zappa, Frank; Occhiogrosso, Peter (1989), Real Frank Zappa Book (på engelsk), Simon and Schuster, ISBN 978-0-671-70572-5, henta 31. juli 2025 
  4. Jewish Princess - Frank Zappa | AllMusic (på engelsk), henta 31. juli 2025 

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya