All songane er laga og framført av Frank Zappa på Synclavier DMS med unntak av «St. Etienne», ein gitarsolo frå eit konsertopptak av «Drowning Witch» frå ein konsert i Saint-Étienne i Frankrike under ein turné i 1982.
«While You Were Art II» er ein Synclavier-versjon basert på ein transkripsjon av ein improvisert gitarsolo på songen «While You Were Out» frå Shut Up 'n Play Yer Guitar. Den ikkje-utgjevne originale Synclavier-versjonen vart laga med berre FM-synthen på synthesizeren, medan innspelinga på albumet vart Zappa sitt «deluxe»-arrangement med nyare samplingar og klangar.
«G-Spot Tornado» var eit stykke Zappa meinte var umogeleg for menneske å spele. Det vart framført av Ensemble Modern på konsertinnspelinga The Yellow Shark.
Zappa vann ein Grammy for beste instrumentale rock for albumet i 1988.
Kontrovers
Sjølv omd et er eit instrumentalalbum kom det rapportar, som ikkje er stadfesta, om at Fred Meyer-kjeda selde Jazz from Hell med eit Parental Advisory-merke på. Dette kan ha kome av striden Zappa hadde med PMRC, bruken av ordet «hell» i albumtittelen, eller sporet «G-Spot Tornado».[3]