Don Van Vliet (fødd 15. januar1941 som Don Glen Vliet, daud 17. desember2010)[2] var ein amerikansk musikar, songar-låtskrivar og artist, mest kjend under scenenamnet Captain Beefheart. Han spelte musikken sin med forskjellige musikarar i eit ensemble han kalla the Magic Band (1965–1982), som han spelte inn 13 studioalbum med. Han er kjend for den kraftfulle røysta og det store stemmeregisteret,[3] Van Vliet spelte òg munnspel, saksofon og fleire andre blåseinstrument. Musikken hans var ei blanding av rock, blues og psykedelia med avantgarde og moderne eksperimentell komposisjon.[4] Beefheart var òg kjend for ein nesten diktatorisk kontroll over musikarane sine, og skapte ofte myter kring livet sitt.[5]
Gjennom tenåra i Lancaster i California, utvikla Van Vliet ein vid musikksmak og forma «ein nyttig, men flyktig» venskap med Frank Zappa, som han sporadisk konkurrerte og samarbeidde med.[6] Han byrja å spele som Captain Beefheart i 1964 og fekk med seg den originale Magic Band-besetninga starta av Alexis Snouffer i 1965. Gruppa fekk merksemd med Bo Diddley sin «Diddy Wah Diddy», som vart ein lokal hit. Han vart etterfølgd av det kritikarroste debutalbumet Safe as Milk, som kom i 1967 på Buddah Records. Etter å ha blitt droppa av to plateselskap på rad, signerte dei kontrakt med Zappa sitt Straight Records. Som produsent gav Zappa Beefheart uhemma kunstnarisk fridom til å lage Trout Mask Replica i 1969, som ligg på 58. plass på lista til Rolling Stone frå 2003 over dei 500 beste albuma gjennom tidende.[7] I 1974 var Beefhart frustrert over mangelen på salssuksess og gav ut to album med meir vanleg rock, som fekk dårleg kritikk. Dette, i tillegg til at dei ikkje fekk betalt for ein europeisk turné og etter år med den grove oppførselen til Beefheart, slutta heile bandet hans. Beefheart danna etter kvart eit nytt Magic Band med ei gruppe unge musikarar og vann attende kritikarane med dei tre siste albuma sine, Shiny Beast (Bat Chain Puller) (1978), Doc at the Radar Station (1980) og Ice Cream for Crow (1982).
Van Vliet har blitt skildra som «...ein av dei verkelege nyskaparane innan moderne musikk» med «...eineståande verk som i røynda manglar sidestykke når det kjem til å vere vågal og bestå av flytande kreativitet».[4][8] Sjølv om han hadde lite kommersiell suksess,[9] vart han ein kultartist rekna som «særs viktig» og «uoverskodeleg» når det kom til innverknaden på new wave, punk, post-punk, eksperimentell og alternativ rock.[8][10] Han var kjend for den gåtefulle personlegdomen og forholdet til publikum, og var sjeldan framme i rampelyset etter han trekte seg frå musikkindustrien i 1982. Han fortsette ein karrière innan kunst, særleg biletkunst, og det vart dette som sikra han økonomisk. Dei ekspresjonistiske måleria og teikningane hans gjekk for høge prisar, og har blitt utstilte i kunstgalleri og museum verda over.[4][11][12] Van Vliet døydde i 2010 etter å ha lidd av multippel sklerose i mange år.[13]
↑Ofte omtalt som fem oktavar (Captain Beefheart. (2010). In Encyclopædia Britannica. Henta 1. juni 2014, from Encyclopædia Britannica Online Library Edition), men rapportar har variert frå tre oktavar til sju og ein halv: «Captain Beefheart: Biography : Rolling Stone». www.rollingstone.com. Arkivert frå originalen 24. september 2008. Henta 28. januar 2010.