Jimmy Carl Black
Jimmy Carl Black | Jimmy Carl Black på scenen med Muffin Men 12. august 2005, Cropredy Festival | | Fødd | 1. februar 1938 |
---|
Fødestad | El Paso i Texas i USA |
---|
Død | 1. november 2008 (70 år) |
---|
Dødsstad | Siegsdorf i Tyskland |
---|
Fødenamn | James Inkanish, Jr. |
---|
Alias | Indian Ink |
---|
Opphav | USA |
---|
Aktiv | seint 1950-åra - 2008 |
---|
Sjanger | Alternativ rock, R&B |
---|
Instrument | Vokalist, trommer |
---|
Tilknytte artistar | Mothers of Invention, Muffin Men, Captain Beefheart, Geronimo Black, The Grandmothers, Black, Brown and Blue, Strange News From Mars |
---|
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
Jimmy Carl Black (1. februar 1938–1. november 2008), fødd James Carl Inkanish, Jr., var ein trommeslagar og vokalist for The Mothers of Invention.[1][2]
Karriere: 1960-åra–1990-åra
Han var fødd i El Paso i Texas og var delvis indiansk. Den faste linja hans var «Hei gutar og jenter, eg er Jimmy Carl Black, og er indianaren i gruppa.» Ein kan høyre linja fleire gonger på Mothers of Invention-albumet We're Only in It for the Money (til dømes på songane «Are You Hung Up?» og «Concentration Moon»). Han var tilskriven på somme Mothers-albums med «trommer, vokal og fattigdom».[1][3]
Han var med i filmen regissert av Frank Zappa, 200 Motels, og syng songen «Lonesome Cowboy Burt». Black spelte òg fleire gonger med Zappa i 1975 og 1980,[1] og var med som gjestevokalist på «Harder Than Your Husband» på albumet You Are What You Is (1981). Same året, 1981, framførte han den same songen på diskoteket Aladdin på Oasen i Bergen, som ein del av The Grandmothers, etter at dei gav ut Grandmothers (1980).[3][4]
Jimmy Carl Black om Frank Zappa:
«
|
Eg ville ha fortalt han at eg sette pris på venskapet gjennom alle desse åra og at eg lærte mykje frå han. Eg er verkeleg glad i Frank som om han var ein bror..[5]
|
»
|
I 1972 spelte han med Geronimo Black, bandet han starta med Mothers-medlemmet Bunk Gardner.[3] Sommaren 1975 spelte han trommer for Captain Beefheart & the Magic Band med scenenamnet Indian Ink, mellom anna på Knebworth Festival. I 1980-åra spelte Black og Gardner og Don Preston saman under namnet «The Grandmothers» i lag med ein haug andre tidlegare Zappa-musikarar, men bandet vart raskt oppløyst. Black flytta så til Austin i Texas, der han møtte den engelske songaren Arthur Brown. Duoen spelte inn eit album med klassiske R&B-songar kallar Black, Brown and Blue, og heldt konsertar i lag.
I 1993 flytta Black til Europa, der han igjen starta opp The Grandmothers med dei opphavlege medlemmane Gardner og Preston og den nederlandske bassisten Ener Bladezipper (scenenamnet René Mesritz) og den italienske gitaristen Sandro Olivia.[2]
1990-åra- 2008
Black spelte som gjestevokalist med Muffin Men, ein hyllestband til Frank Zappa frå Liverpool i England, og med Jon Larsen, på det surrealistiske prosjektet Strange News From Mars, i lag med andre Zappa-musikarar som Tommy Mars, Bruce Fowler og Arthur Barrow.[1]
Då Steely Dan i 2001 vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame spurte Walter Becker dei framøtte kven den opphavlege trommeslagaren i Mothers of Invention var. Becker hadde ei stund prøvde å få Black innlemma som eit grunnleggande medlem av Mothers of Invention.[1]
Black fekk diagnosen lungekreft i august 2008 og døydde 1. november 2008 i Siegdorf i Tyskland. Det vart halde minnekonsertar for han den 9. november 2008 ved Bridgehouse II i London og 7. desember 2008 i Crown Valley i California. Han etterlet seg kona Monika, tre søner og do døtrer.[2]
I 2013 gjekk dokumentaren «Where's the Beer and when do we get paid?» om Black i Tyskland.[6]
Sjølvbiografien til Black, For Mother's Sake, vart gjeve ut av enka til Black i november 2013, 5 år etter han døydde.
Bandkronologi
- Them 3 Guys (1959-60)
- The Keys (1960-2)
- The Squires (1963-4)
- Soul Giants (1964-5)
- The Mothers of Invention (med Frank Zappa, 1965–1969)
- Geronimo Black (1969-70 & 1971-73)
- Mesilla Valley Lo boys (1974-7), Captain Beefheart & The Magic Band (1975)
- Big Sonny & The Lo Boys (1977-79)
- The Grandmothers (1980-2)
- Captain Glasspack & his Magic Mufflers (1982-3)
- Pound for Pound, Junior Franklin & The Golden Echoes, Rhythm Rats (1983-5)
- Jimmy Carl Black and the Mannish Boys (1985/6-1987/8)
- (Austin) Grandmothers (1988-1992)
- The Jack & Jim Show (with Eugene Chadbourne, 1993–5, 2001-8)
- Grandmothers (1993-4, 1998, 2000)
- The Farrell and Black Band (1995-2006)
- The Muffin Men (1993, 1995-2008)
- Sandro Oliva & the Blue Pampurio's , X-Tra Combo, Behind The Mirror, Boogie Stuff, Cosmik Debris, Mick Pini Band, Jimmy Carl Black Band, Tempest Quartet, Happy Metal Band, etc. (1996-2008)
Diskografi
Solo
- Clearly Classic (1981)[7]
- A Lil' Dab'l Do Ya (1987) - som Jimmy Carl Black & Mannish Boys
- Brown, Black & Blue (1988) - som Arthur Brown and Jimmy Carl Black
- When Do We Get Paid? (1998)
- Drummin' the Blues (2001)
- Is Singin' the Blues (2002)
- Hamburger Midnight (2002) - som BEP (Jimmy Carl Black, Roy Estrada and Mike Pini)
- Mercedes Benz (2003) - som Jimmy Carl Black & the X-Tra Combo
- Indian Rock Songs from Jimmy Carl Black (2005) - konsertalbum
- How Blue Can You Get? (2006)
- Where's the $%&#@ Beer? (2008)
- I Just Got in from Texas (2008) - som Chris Holzhaus, Jimmy Carl Black & Louis Terrazas
- Can I Borrow a Couple of Bucks Until the End of the Week? (2008)
- I'm Not Living Very Extravagantly, I'll Tell You for Sure... (2008)
- Where's My Waitress? (2008)
- If We'd All Been Living in California... (2008)
- Freedom Jazz Dance - Jimmy Carl Black (2008) - (Jimmy Carl Black, Valentina Black, Bruno Marini Arkivert 2013-05-21 ved Wayback Machine., Daniele D'Agaro, Cristina Mazza)
- Black/Brown/Stone (2009) - som Jimmy Carl Black, Steven De Bruyn & Jos Steen
- Live All-Stars (2009) - - konsertalbum - som Jimmy Carl Black & the Route 66 All-Star Blues Band
- More Rockin' Blues (2009) - som Jimmy Carl Black & the Route 66 All-Star Blues Band
- Live in Steinbach (2009) - konsertalbum - som Jimmy Carl Black, Mick Pini & Uwe Jesdinsky
The Mothers of Invention
Frank Zappa
- Lumpy Gravy (1967)
- Confidential (1974) - konsertalbum
- Remington Electric Razor (1980) - konsertalbum
- You Are What You Is (1981)
- The Supplement Tape (1990) - samlealbum
- Tis the Season to Be Jelly (1991) - konsertalbum
- The Ark (1991) - konsertalbum
- Our Man in Nirvana (1992) - konsertalbum
- Electric Aunt Jemima (1992) - konsertalbum
- Lost Episodes (1996) - samlealbum
- Cheap Thrills (1998) - samlealbum
Andre
- Permanent Damage (The GTOs, 1969)
- Geronimo Black (Geronimo Black, 1972)
- Grandmothers (The Grandmothers, 1980)
- In Heat (Big Sonny and the Lo Boys, 1979)
- Welcome Back (Geronimo Black, 1980)
- The Highway Cafe of the Damned (Austin Lounge Lizards, 1988)
- Locked in a Dutch Coffeeshop (Eugene Chadbourne, 1993)
- A Mother of an Anthology (The Grandmothers, 1995)
- With My Favorite «Vegetables» & Other Bizarre Muzik (Ant-Bee, 1994)
- Vile Foamy Ectoplasm (Don Preston, 1994)
- Dreams on Long Play (The Grandmothers, 1995)
- Pachuco Cadaver (Eugene Chadbourne, 1995)
- Jesse Helms Busted with Pornography (Eugene Chadbourne, 1996)
- Uncle Jimmy's Master Plan (Eugene Chadbourne, 1996)
- Chadbourne Barber Shop (Eugene Chadbourne, 1996)
- Frankincense: The Muffin Men Play Frank Zappa (The Muffin Men, 1998)
- Lunar Muzik (Ant-Bee, 1998)
- Eating the Astoria (The Grandmothers, 2000)
- Communication Is Overrated (Eugene Chadbourne, 2000)
- 2001: A Spaced Odyssey (Eugene Chadbourne, 2001)
- The Taste of the Leftovers (Eugene Chadbourne, 2001)
- The Perfect C&W Duo's Tribute to Jesse Helms (Eugene Chadbourne, 2001)
- The Early Years (Eugene Chadbourne, 2001)
- The Jack & Jim Show- 2001: A Spaced Odyssey (Eugene Chadbourne, 2001)
- The Eternal Question (The Grandmothers, 2001)
- Roland Kirk Memorial Barbecue (Blind Riders on Mad Horses, 2004)
- The First Album (Ella Guru, 2004) (sings on the last two tracks)
- Strange News From Mars (Jon Larsen, 2007)
- The Jimmy Carl Black Story (Jon Larsen, 2008)[8]
- People with Purpose (Wizards of Twiddly, 2010)
- Electronic Church Muzik (Ant-Bee, 2011)
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Allmusic Biography
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Jimmy Carl Black Obituary». The Guardian. 4. november 2008. Henta 17. mai 2014.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Chadbourne, Eugene. «Jimmy Carl Black Biography». AllMusic.com. Henta 17. mai 2014.
- ↑ «Grandmothers (1980) - An anthology of previously unreleased recordings by ex-members of the Mothers of Invention». Eil.com. Henta 17. mai 2014.
- ↑ «Jimmy Carl Black Quotes». BrainyQuote.com. Henta 17. mai 2014.
- ↑ http://www.wheresthebeer.de/?lang=en
- ↑ Chadbourne, Eugene. «Jimmy Carl Black - Cltidleg Classic Review». AllMusic.com. Henta 17. mai 2014.
- ↑ «Jon Larsen Review». GandsMusic.com. Henta 2. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
|
|