Arthur Barrow (fødd 28. februar1952) er ein amerikansk multi-instrumental musikar, mest kjend for ein periode som bassgitarist for Frank Zappa seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra.
Han lærte seg først å spele gitar ved å lytte til andre musikarar, særleg surfemusikk, og sidan Jimi Hendrix og Frank Zappa. Sidan lærte han seg å spele orgel og bassgitar, og var særleg interessert i elektronisk musikk.
I 1975 flytta han til Los Angeles for å bli profesjonell musikar og hovudmålet hans var å bli med i bandet til Frank Zappa. Han møtte Robby Krieger i 1976 og spelte synthesizer med The Doors på albumet American Prayer. Han skipa ei jazzgruppe med Bruce Fowler og Don Preston kalla Loose Connection mot slutten av 1970-åra. Sommaren 1978 prøvespelte han for Zappa og kom med i bandet.
Tidleg i 1980-åra skreiv han musikk i lag med og spelte med Robby Krieger. Dei hadde eit band i lag ein kort periode kalla Red Shift. Han byrja å arbeide med Giorgio Moroder i midten av 80-åra på album og filmmusikk, mellom anna Scarface og Top Gun. Han spelte òg klaverinstrument, programmering, bass og arrangement for ei rekkje artistar som Joe Cocker, Diana Ross, Billy Idol, Berlin, The Motels og andre.
Han har skrive og gjeve ut tre soloplater og arbeider for tida på eit fjerde.
Berlin - Love Life - («No More Words» og «Dancing in Berlin»), Oscar-vinnande single frå «Top Gun»-albumet - «Take My Breath Away». klaverinstrument, Bass, Arrangør.
Charlie Sexton - Pictures For Pleasure. klaverinstrument, Bass, Medlåtskrivar, Arrangør. 12" Remix av «Impressed».
Scott Merrit - Violet and Black. Produsent, Arrangør, Bass, klaverinstrument.
The Untouchables - Agent Double-O Soul. Produsent, Arrangør, Medlåtskrivar.
Mona Lisa Overdrive - Mona Lisa Overdrive. Artist, Medlåtskrivar, Arrangør, Produsent, Lydteknikar, klaverinstrument, Bass.
Arthur Barrow - Music for Listening, Eyebrow Razor, AB3, On Time. Artist, låtskrivar, arrangør, produsent, lydteknikar, klaverinstrument, bass, gitar, perkusjon.