Den opphavlege distriktshøgskulen blei oppretta i 1969, som ein av dei tre første i landet med studiar innan EDB og økonomi.
Høgskulen tilbyr fag- og profesjonsstudiar innan helse- og sosialfag, økonomi, idrettsleiing, informatikk og samfunnsfag. Skulen er kanskje mest kjend for studia innan transportøkonomi og logistikk. Desse kan takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og somme doktorgradstudiar, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Innan transportøkonomi og logistikk er skulen nasjonalt knutepunkt for forsking og utdanning. Høgskulen er den einaste utdanningsinstitusjonen i Noreg som tildeler doktorgrad i logistikk, ein rett den oppnådde i 2003. Høgskulen har ein samarbeidsavtale med Transportøkonomisk institutt blant anna for å fremje samarbeid om forsking gjennom forskarutveksling, bistillingar, doktorgradsutdanning, felles prosjekt mv, samt å fremje samarbeid om undervising og formidling retta mot samferdslesektoren.
Høgskulen tilbyr også utdanning opp til mastergradsnivå i informatikk, helsefag og samfunnsfag, og opp til bachelorgrad i jus, idrettsleiing og økonomi og administrasjon.
Dei to avdelingane ved Høgskolen i Molde er:
Avdeling for økonomi, informatikk og samfunnsfag (ØIS)
Avdeling for helse- og sosialfag (HS)
Høgskulen er svært internasjonalt orientert, og har mellom anna ein eigen seksjon av Erasmus Student Network. Skulen har ein stor andel av utanlandske studentar på mastergrads- og doktorgradsnivå i logistikk. Studentane ved høgskulen får også tilbod om å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, blant anna gjennom ei rekkje bilaterale utvekslingsavtalar med utanlandske samarbeidsinstitusjonar i Europa, USA, Canada, Australia og Sør-Afrika. Høgskulen har også ein samarbeidsinstitusjon i Kina.
Høgskolen i Molde blei akkreditert som vitskapleg høgskole (innan fagområdet logistikk) av NOKUT 1. januar 2010.[1]
Høgskolen i Molde var den første norske utdanningsinstitusjonen i Second Life. Den virtuelle campusen heter Kamimo og er ei plattform for e-læring.