Hubert Charles Sumlin (16. november 1931–4. desember 2011) var ein Chicago blues-gitarist og songar,[1] mest kjend for sine «fordreidde, rystande toneutbrot, brå cliffhanger-stillheiter og vågale rytmiske spaningar» som eit medlem i bandet til Howlin' Wolf sa.[2] Han vart rangert på 43. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[3]
Biografi
Sumlin byrja å spele på ein streng festa på eit kosteskaft, før han fekk seg ein skikkeleg gitar.[4] Han voks opp nær West Memphis i Arkansas, og spelte ei stund saman med munnspelspelaren James Cotton, før Howlin' Wolf spurte han om å bli med i bandet i Chicago i 1954. Sumlin gjekk gradene kveld etter kveld i bandet til Wolf, og vart etter kvart sjølvsikker nok til å gå frå rytmegitar til sologitar. Mot slutten av 1960-åra var Sumlin vorte ein viktig del av stilen til Wolf, på songar som «Wang Dang Doodle», «Shake for Me», «Hidden Charms» , «Three Hundred Pounds of Joy» og «Killing Floor».[4]
Sumlin spelte med Wolf fram til Wolf døydde i 1976. Sumlin hadde spelt inn eit par soloalbum før den tid, det første i 1964 i Aust-Berlin under ein turné i Europa. I seinare år song òg Sumlin på innspelingane sine. Renommeet han hadde som gitarist kom til syne i 2004 på albumet About Them Shoes, der gjestelista inkluderte Keith Richards, Eric Clapton, Levon Helm og David Johansen, og den gamle venen James Cotton.[4]
Diskografi
Album
År
|
Tittel
|
Selskap
|
Katalognummer
|
Merknad
|
1964 |
American Folk Blues |
Amiga |
850 043 |
Tyskland
|
1969 |
Hubert's «American» Blues! |
Scout |
Sc-4 |
|
1974 |
Kings of Chicago Blues, Vol. 2 |
Disques Vogue |
LDM 30175 |
Frankrike, innspelt 1971
|
1976 |
Groove |
Black & Blue |
33.511 |
Frankrike, innspelt 1975
|
1980 |
Gamblin' Woman |
L + R |
42.008 |
Tyskland, innspelt 1980
|
1987 |
Hubert Sumlin's Blues Party |
Black Top |
BT-1036 |
US
|
1989 |
Heart & Soul |
Blind Pig |
BP-3389 |
US
|
1990 |
Healing Feeling |
Black Top |
BT-1053 |
US
|
1991 |
Blues Guitar Boss |
JSP |
239 |
UK, innspelt 1990 i London
|
1994 |
Made in Argentina 1993 |
Blues Special |
9501 |
Argentina, innspelt 1993 i Buenos Aires med Emilion Villanueva and the Kansas City Boys
|
1994 |
I'm the Back Door Man |
Blues Special |
9506 |
Argentina, innspelt 1993 i Buenos Aires
|
1994 |
My Gitar and Me |
Evidence Music |
ECD-26045 |
Paris, innspelt 22. desember 1975 i Barclay Studio
|
1996 |
Blues Classics |
Bellaphon |
82007 |
Tyskland, innspelt 1964 i Aust-Berlin
|
1998 |
I Know You |
APO |
2004 |
USA
|
1998 |
Wake Up Call |
Blues Planet |
1116 |
USA
|
1999 |
Pinetop Perkins & Hubert Sumlin: Legends |
Telarc |
83446 |
USA
|
2003 |
Doing the Don't |
Intuition |
34252 |
Tyskland; Elliott Sharp's Terraplane, med Hubert Sumlin
|
2004 |
About Them Shoes |
Tone-Cool/Artemis Records |
51609 |
USA
|
2010 |
Midnight Memphis Sun |
NorthernBlues Music |
NMB0058 |
JW-Jones-utgjeving med gjestene Hubert Sumlin og Charlie Musselwhite
|
2012 |
Sky Road Songs |
Yellowbird |
7724-2 |
Tyskland; Elliott Sharp's Terraplane, med Hubert Sumlin som gjest (innspelt i 2011)
|
[5]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music. Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 181. ISBN 1-904041-96-5.
- ↑ Kitts, Jeff; Tolinski, Brad (2002). Gitar World Presents the 100 Greatest Gitarists of All Time. Hal Leonard. p. 37.
- ↑ «65: Hubert Sumlin». The 100 Greatest Gitarists of All Time. Rolling Stone. Henta 1. juli 2017. [daud lenkje]
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Biografi på Allmusic
- ↑ Pete Hoppula. «Hubert Sumlin». WangDangDula.com. Arkivert frå originalen 4. mai 2015. Henta January 21, 2010.
Bakgrunnsstoff