High Time er det andre studioalbumet (og det tredje totalt) av det amerikanske rockebandet MC5, gjeve ut i 1971 på Atlantic Records.
Utgjeving
High Time kom ut 6. juli 1971 på Atlantic Records. Dave Marsh skreiv i plateomslaget til ei utgåve frå 1992:
Dessverre var High Time frå 1971 slutten for MC5. Hard narkotika hadde kome inn i livet til bandet og innan eit år var bandet oppløyst. Minst to medlemmar enda opp i fengsel på grunn av dopanklagar og dei kom aldri saman att før etter Rob Ryner døydde sommaren 1992.[1]
High Time har generelt fått god kritikk av kritikarane.
Lenny Kaye skreiv for Rolling Stone og kalla albumet «den første plata som kjem nær soga om det legendariske ryktet og den tilstadeverande karismaen deiera».[4] Mark Deming for AllMusic kalla det «det mest tilgjengelege albumet deira, men framleis særs særeige med mange velskrivne, solide låtar. Det er mindre skingrande politisk enn dei tidlegare albuma deira, men er musikalsk like kompromisslaust som alt dei hadde gjeve ut til då.»[2]