Michael Davis (5. juni1943–17. februar2012)[1] var ein USA-amerikansk bassist, songar, låtskrivar og produsent. Han var mest kjend som medlem av MC5 frå 1964 til 1972.
Han spelte bass på dei tre originale albuma til MC5, inkludert debutplata Kick Out the Jams. I 1975-1976 sat Davis fengsel i Kentucky for dopmisbruk.
Då han kom ut av fengsel spelte Davis i det Ann Arbor-baserte kunststøybandet Destroy All Monsters.[2] Sidan spelte han i Blood Orange.
Davis døydde av leversvikt 17. februar 2012, 68 år gammal.[1]