Hanaton ligg oppom Eshkolsjøen, ein viktig del av Nasjonal vasstransport (Eshkolsjøen er eit 4,5 million m3 stort reservoar nedom Hanatonnær enden av Beit Netofa-kanalen). Nord for kibbutzen ligg den arabiske landsbyen Kafr Manda. Sørvest for kibbutzen, på andre sida av hovudveg 79, ligg Alon HaGalil.
Historie
I 1980-åra valde ei gruppe studentar frå Jewish Theological Seminary i New York City å opprette ein kibbutz for medlemmar av den konservative rørsla. Gar'in Nitzan rekrutterte medlemmar frå heile USA og slo seg saman med den israelske greina av konservativ jødedom, Masorti-rørsa. 1. september 1983 flytta 30 medlemmar, 18-19 år gamle, til Kfar HaHoresh for opplæring. Dei fekk med seg 40 medlemmar frå Gar'in Nitzan, inkludert familiar med små barn. I september 1984 flytta grunnleggjarane inn i den nye kibbutzen, som vart kalla opp etter ein bibelske by som hadde lege i området og som nemnt i Josvas bok. Emigrantar frå Sør-Afrika, Sør-Amerika, Nederland og Canada slo seg seinar til kibbutzen. I 1997 byrja Den samla Kibbutzrørsla å sende HaNoar HaOved VeHaLomed-grupper til kibbutzen, men dei har ikkje blitt aksepterte som fullverdige medlemmar av ideologiske årsaker.[2]