Kibbutzen vart grunnlagd den 30. oktober 1946 av Zara'imkvutza, som hovudsakleg bestod av emigrantar frå Austerrike og Tyskland, som hadde kome her før andre verdskrigen byrja. gruppa hadde samla seg i Ein Harod i 1942 for å førebu grunnlegginga av ein ny landsby. Den nye kibbutzen vart kalla opp etter levittarbyen som låg i området og som høyrte til Jissakar-stammen (Josva 21:28).