Han vart grunnla i 1921 og var den første moshav shitufi, men statusen vart endra til moshav ovdim i 1992.
Historie
Den moderne moshaven vart forma av Richard Kauffmann og vart grunnlagd i 1921. Grunnleggjarane immigrerte til Palestinamandatet frå Aust-Europa i det som er kjend som den andre og den tredje Aliyah mellom 1904 og 1914 (på slutten av det osmanske styre). Somme hadde vore medlemmar i den første kibbutzen, Degania. Etter å ha arbeidd i gardssamfunna i eit tiår, ønskte dei å opprette ein fellesgard som minna om ein kibbutz, men der familiane budde kvar for seg (kibbutzar hadde fellesmåltid og barna sov i eigne hus).
Moshaven vart grunnlagd den 11. september 1921 på eit landområde som vart til dei av Jewish National Fund.
Dei små bekkane i området skapte myrer som trekt til seg mygg som spreidde malaria. Dei høyrte på åtvaringane til ekspertar blant dei, som dr. Hillel Yaffe, ein ekspert på kampen mot malari, og dei slo seg for ei stund ned på ein ås i nærleiken, nær den arabiske landsbyen Ma'lul. Seinare kom grunnleggjarane ned frå åsen og delte landet seg i mellom.
Den 22. desember 1932 vart eit medlem i moshaven og sonen hans drepen då ei bombe vart kasta inn i heimen deira.
Planløysinga til landsbyen i Nahalal, utforma av arkitekten Richard Kauffmann, danna mønsteret for mange moshavenim som vart oppretta før 1948. Løysinga baserte seg på konsentriske sirklar, med fellesbygningane (skule, administrasjon, kultur, butikkar og lager) i midten, heimane i den inste sirkelen, gardsbygningane i den neste, og utafor der hagar, marker og åkrar.