Geva (hebraisk גֶּבַע, tyder Ås) er ein kibbutz i Jezreeldalen i Israel. Han ligg nær byen Afula og høyrer til Gilboa regionale kommune.
Geva vart grunnlagd i 1921 [2] av jødiske emigrantar frå Polen og Russland i Palestinamandatet (Eretz Yisrael) under den andre og tredje immigrasjonsbølgja. I 1995 hadde han eit folketal på 547.
Gevatron syngetrupp vart grunnlagd av folk frå Geva i 1948. Dei spelte inn over 20 album. På det mest populære i 1980-åra song truppen i Yarkonparken i Tel Aviv føre 120 000 menneske.[3]