Shimon Peres (2. august 1923–28. september 2016) var ein israelsk politikar som har fått Nobels fredspris. Han var president i Israel frå 15. juli 2007 til 2014. Peres blei fødd som Shimon Perski i Wiszniew i dåverande Polen (no Visjniev i Kviterussland). Familien flytta til Tel Aviv i Israel i 1934. Han gifta seg med Sonya Gelman og dei har tre ungar. Peres er søskenbarn til skodespelaren Lauren Bacall (fødd Betty Joan Perske).
Peres var sosialdemokrat, og langvarig medlem av det israelske arbeidarpartiet Avoda. Han gjekk i årsskiftet 2005–2006 ut av arbeidarpartiet og over til det nye sentrumspartiet Kadima. Han var israelsk statsminister frå 1984 til 1986 og igjen frå 1995 til 1996 etter mordet på Yitzhak Rabin. Han har òg vore visestatsminster, utanriksminister i fleire periodar og ein av 25 visepresidentar for Sosialistinternasjonalen. Peres var presidentkandidat i 2000, men tapte då for Moshe Katsav.
Peres fekk Nobels fredspris i 1994, saman med Yassir Arafat og Yitzhak Rabin for «arbeidet deira med å skape fred i Midtausten».[1] I 1997 grunnla han Peres fredssenter.
Kjelder
Bakgrunnsstoff