Meitav (hebraisk מֵיטָב, tyder «Den beste») er ein moshav nordaust i Israel. Namnet kjem frå[1] frå 1. Mosebok 47.11: «Josef...gav dei eigedom i den beste delen av landet.» Han ligg i Ta'anakh-området og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 379.
Moshaven vart grunnlagd i 1954 av emigrantar frå Kurdistan og Irak. Det var den tredje busetnaden som vart grunnlagd i Ta'anakh og vart først kalla Ta'anakh Gimel (tyder Ta'anakh 3).
Kjelder
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.324 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk) og
Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jeruusalem 1999, Carta, s.39 ,ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)