«From a Buick 6» er ein song av Bob Dylan frå albumet Highway 61 Revisited, som òg kom ut på singel som B-side til «Positively 4th Street.» Han vart spelt inn 30. juli 1965.[2]
Musikalsk stil
Songen er ein rusten bluessong som vert spelt lettsindig av eit band som bestod av Al Kooper på orgel og Mike Bloomfield på gitar.[3] Gitarparten er basert på eldre bluesriff av Robert Johnson, Charlie Patton og Big Joe Williams.[4] Han har òg eit etterslag frå trommeslagaren Bobby Gregg, ei basslinje frå Harvey Brooks og ein munnspelsolo.[3][5] Songen byrjar med ein skarptrommeslagar som minner opningssongen på Highway 61 Revisited, «Like a Rolling Stone».[2][5] Det er i røynda ein 12-taktsblues, spelt med powerakkordar, og er kjend for at Bloomfield nesten umerkbart sette inn ein F-akkord i den tiande takten på alle utanom det første verset, medan bassen og orgelet spelar ein G-akkord. Songen er delvis basert på Sleepy John Estes-songen «Milk Cow Blues» frå 1930, og brukte til og med noko av teksten frå den eldre songen. Tilnærminga er likevel meir lik The Kinks sin versjon av ein Kokomo Arnold-song som òg heitte «Milk Cow Blues».[3]
Andre versjonar
«From a Buick 6» er blitt spelt av musikarar som Gary U.S. Bonds, Mitch Ryder, Treat Her Right, Mike Wilhelm, Alex Taylor og Johnny Winter.[6]
Ettermæle
Namnet på ein roman frå 2002 av Stephen King, From a Buick 8, er basert på denne songtittelen.
Songen «From a Motel 6» på Yo La Tengo-albumet Painful frå 1993 er eit hint til songtittelen.[7]
Billy Bragg-songen «From a Vauxhall Velox» frå albumet Brewing Up with Billy Bragg frå 1984, vart skriven som eit svar til «From a Buick 6».[8]
I ein presentasjon for Apple i 2006, sa Steve Jobs at dette var favorittsongen hans.[9]
Kjelder
- ↑ «Highway 61 Revisited review». Allmusic. Henta 15. mai 2011.
- ↑ 2,0 2,1 Polizzotti, M. (2006). Highway 61 Revisited. s. 29, 90–95. ISBN 978-0-8264-1775-6.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «From a Buick 6». allmusic. Henta 6. november 2018.
- ↑ Shelton, R. (1997). No Direction Home. s. 280. ISBN 0-306-80782-3.
- ↑ 5,0 5,1 Gill, A. (1998). Don't Think Twice It's Alright. s. 86. ISBN 1-56025-185-9.
- ↑ «From a Buick 6 covers». Allmusic. Henta 11. august 2014.
- ↑ «From a Motel 6 [EP] - Yo La Tengo | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 6. november 2018.
- ↑ Sweeting, Adam (5. april 2001). «Driven to distraction». Theguardian.com. Henta 6. november 2018.
- ↑ «Steve Jobs’ 10 Favorite Records (And What They Say About Him) | Death and Taxes». 7. november 2010. Arkivert frå originalen 7. november 2010. Henta 6. november 2018.
Bakgrunnsstoff
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
The Bootleg Series | |
---|
Piratkopiplater | |
---|
Filmar | |
---|
Bøker | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|
Familie | |
---|
|