Det er mange skjer i sundet sør for Whalsay og East Linga. I desember 2008 vart det oppdaga leivningane etter atten gråsel på øya, somme av dei slått i hel. Ein mann vart sikta for hendinga. I følgje Scottish Natural Heritage vert det fødd kring 30 gråsel på East Linga kvart år.[1]
Den mindre Calf of Linga ligg nord for East Linga og er landfast med East Linga ved lågvatn. West Linga ligg på andre sida av Whalsay.