Øya har fleire små vatn, men saltsprøyten gjer at dei ikkje er ferske.
Øya har eit areal på 2,75 km².
Historie
I 1841 budde det 42 menneske på øya, men dette hadde falle til 13 ti år seinare. 20 år seinare stod øya folketom. Landeigaren Arthur Nicholson, som hadde kjøpt øya, hadde tvangsflytta busetjarane på delar av Fetlar og det er mogeleg at innbyggjarane på Hascosay flytta sjølv i påvente av at dei òg kom til å verte tvangsflytta.[2]
↑Anderson, Joseph (red.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 nytrykk). ISBN 0-901824-25-9
↑ 2,02,1Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.