Øya er like over 1000 meter lang og har eit areal på 78 hektar. Det høgaste punktet ligg 34 meter over havet. Bigga er ei lang, tynn øy med eit «hovud» og ein «kropp». Nakken er forma av buktene Wester Hevda Wick og Easter Hevda Wick.
Ein trur at namnet på øya kjem frå det norrønebygdey som tyder «bygningsøya», og kan vise til eit gammalt bygg på øya.
Sør på øya ligg ein gammal brønn, eit kapell og ein gravplass. Det står ein liten førhistorisk varde nord på øya. Nord på øya ligg òg restane av den gamle busetnaden på øya, Norrabister.
«Pribislaw», eit 160 år gammalt tysk fartøy, gjekk på grunn her i 1870. Skipet vart flytta til Lerwick og nytta som lager og verkstad i 1950-åra.