Bound Skerry er ein del av Out Skerries i Shetlandsøyane. I tillegg til at ho er den austlegaste i denne gruppa, er ho òg det austlegaste punktet i heile Skottland.
Det står eit fyr på øya, som vart bygt i 1857 for £21 000. Familien til Robert Louis Stevenson var fyrbyggjarar og ein kan sjå signaturen hans i gjesteboka.[1] Fyrvaktarane budde på naboøya Grunay.
Øya vart bombardert to gonger under den andre verdskrigen av tyskarane, som trudde det var ein ammunisjonsfabrikk.[1]