Don't Look Back er det andre studioalbumet til den amerikanskerock band Boston, gjeve ut i 1978 på Epic Records.[1][3] Albumet gjekk til topps på albumlista i USA og nådde niandeplassen på Storbritannia. Tittelsporet er ein av dei største hittane til bandet, og nådde fjerdeplassen i 1978 på Billboard Hot 100. Albumet selde fire millionar eksemplar dei første måandane etter det kom ut og har fått 7x platinaplate av RIAA i USA.[4]
Dette albumet markerte òg starten på ein rettsstrid mellom bandet og plateselskapet, Epic. Gitaristen, produsenten og hovudlåtskrivaren Tom Scholz hevda at sjefane i Epic pressa han og bandet til å gje ut albumet før dei meinte det var ferdig. Han sa òg at albumet var «latterleg kort. Det trengde ein song til». Det neste albumet deira, Third Stage, kom ikkje ut før etter åtte år, då bandet og selskapet hadde gått kvar sin veg etter ei rettssak som Boston til sjuande og sist vann.
Dei to åra mellom debutalbumet og Don't Look Back er den kortaste tida mellom to Boston-album til no.
Innspeling
Don't Look Back vart spelt inn i 1977 og 1978 i studioet til Scholz, Hideaway Studio, utanom pianoet til «A Man I'll Never Be», som vart spelt inn med lydteknikaren Dave Butler i Northern Studio i Maynard i Massachusetts.[3]
Utgjeving
Don't Look Back skulle opphavleg ha tittelen Arrival, men Boston oppdaga at ABBA alt hadde gjeve ut eit album med det namnet, så Don't Look Back vart vald ut i staden. Albumet vart feilaktig oppført som Arrival i omslaget til kassettutgåva på den tida.
«Don't Look Back», «A Man I'll Never Be» og «Feelin' Satisfied» vart alle gjevne ut på singlar og nådde høvesvis fjerde, 31. og 46. plassen på Billboard Hot 100.[7]
Innhald
Alle songar skrivne av Tom Scholz, utanom «Party», skriven i lag med Brad Delp, og «Used to Bad News», skriven av Delp.