Walk On av Boston
Walk On er det fjerde studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Boston, gjeve ut den 7. juni 1994 av MCA Records.[1] Det er det einaste albumet utan vokalisten Brad Delp, som kom inn att i albumet på den påfølgjande turneen for albumet.
Historie
Etter suksessen med albumet Third Stage i 1986, byrja bandet å planlegge ein oppfølgjar og byrja å skrive songar i 1988. Men på grunn av aukande krangling og usemjer mellom gitariste og leiaren i bandet, Tom Scholz og songaren Brad Delp, slutta Delp i 1989 for å bli med i eit band i lag med den tidlegare Boston-gitaristen Barry Goudreau, kalla RTZ. Kort tid etter vart Fran Cosmo henta inn og introdusert som den nye songaren i bandet. Delp kom attende til Boston for å hjelpe til med å skrive songar og song solovokal på den påfølgjande Walk On Tour, men song ikkje på sjølve albumet. Delp og Cosmo song begge på det neste Boston-albumet, Corporate America.
Etter det kom ut nådde Walk On sjuandeplassen på Billboard 200 og gav ein hit, «I Need Your Love». Albumet selde til platinaplate i USA den 8. september 1994.[4][5]
Dei siste åtte sidene av plateomslaget vart kalla «Walk On — Against Violence and Cruelty», og omhandla å forhindre vald i heimen og dyremishandling med kontaktinformasjon til mange organisasjonar, som National Coalition Against Domestic Violence og Humane Society.
Innhald
Tittel | Låtskrivar(ar) |
---|
1. | «I Need Your Love» | Tom Scholz, Fred Sampson | 5:33 |
---|
2. | «Surrender to Me» | Scholz, David Sikes, Bobby Laquidara | 5:34 |
---|
3. | «Livin' for You» | Scholz | 4:58 |
---|
4. | «Walkin' at Night» (Instrumental) | Scholz | 2:02 |
---|
5. | «Walk On» | Scholz, Brad Delp, Sikes | 2:58 |
---|
6. | «Get Organ-ized/Get Reorgan-ized» (Instrumental) | Scholz | 4:28 |
---|
7. | «Walk On (Some More)» | Scholz, Delp, Sikes | 2:55 |
---|
8. | «What's Your Name» | Scholz | 4:28 |
---|
9. | «Magdalene» | Scholz, Sikes, Galen «Rusty» Foulke | 5:58 |
---|
10. | «We Can Make It» | Scholz, Sikes, Bob Cedro | 5:30 |
---|
- spor 4, 5, 6 og 7 er alle del av ein lang song («Walk On Medley»), men hadde forskjellige spor på CD-plata.
- «Walkin' at Night» og «Get Organ-ized» er instrumentalar.
- «Magdalene» vart opphavleg skriven av Pennsylvania-bandet Hybrid Ice.
Medverkande
- Tom Scholz – gitar, bass, trommer, piano, orgel, klaverinstrument, clavinet, klapping, produsent, lydteknikar, arrangør, «moral støtte og snop»
- Fran Cosmo – solovokal
- Gary Pihl – gitar, klapping, assisterande lydteknikar
- David Sikes – bassgitar, korvokal, assisterande lydteknikar
- Doug Huffman – trommer
- Matt Belyea – klapping
- Bob Cedro – rytmegitar, spesialeffektar, klapping
- Tommy Funderburk – korvokal
- Sean Olsen - klapping, rytmegitar, fløyte
- Ted Jensen – mastering
- Ron Larson – design, illustrasjonar
- Andy Engel – konsept for plateomslaget
Salslister
Singlar
Salstrofé
Organisasjon
|
Nivå
|
Dato
|
RIAA – USA
|
Gull
|
11. august 1994
|
Platinum
|
8. september 1994
|
CRIA – Canada
|
Gull
|
Jun 14, 1994
|
Platinum
|
Jun 14, 1994
|
Kjelder
|
---|
| Studioalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Singlar | |
---|
Andre songar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|
|
|