Corporate America er det femte studioalbumet til det amerikanskehardrockbandetBoston, gjeve ut i 2002. Dei fleste utgåve av albumet inneheld eit konsertopptak av «Livin' for You». Den originale versjonen av «Livin' for You» kom frå det førre albumet til Boston, Walk On (1994).
Albumet introduserte både Anton Cosmo og Kimberley Dahme som bandmedlemmar og låtskrivarar. Dette var òg det siste Boston-albumet med solovokalisten og opphavleg medlem Brad Delp, som tok livet sitt i 2007. Det var òg det siste albumet deira med Fran Cosmo.
Albumet selde 32 000 eksemplar den første veka det kom ut og nådde 42. plassen på Billboard 200 i USA. I 2013 hadde albumet selt over 500 000 eksemplar i USA. Albumet vart trekt frå alle digitale marknader av Tom Scholz på grunn av ein strid med plateselskapet Artemis.
Ein instrumental, «Crystal Love», som på Internett ofte er omtalt som eit bonusspor frå Corporate America er i røynda ein song av den sørkoreanske gitaristen Lee Hyun Suk frå albumet 3 i 1995.[3]