Distrikta i Albania (albansk: rrethe) er ei tidlegare administrativ inndeling i Albania. Landet hadde 36 distrikt, som vart oppløyste og slått saman til 12 regionar gjennom ei admininistrasjonsreform i 2000.[1][2]
Distrikta var delte inn i kommunar, som ved oppløysinga i 2000 omfatta 309 landkommunar og 65 bykommunar. I ei seinare reform i 2014 vart talet på kommunar redusert til 61.[3]