Distriktet Mirditë (albansk: Rrethi i Mirditës) var eit distrikt i Albania. Ved ei administrasjonsreform i år 2000 vart distrikta oppløyste som administrativ eining og erstatta av større regionar.[1][2] I dag inngår området i regionen Lezhë. Hovudstaden i distriktet var Rrëshen.