Përmet er ein by og ein kommune i regionen Gjirokastër i Albania. Kommunen ligg sør i landet og grensar i nord til regionen Berat, i aust til Korçë. I sør ligg nabolandet Hellas.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Përmet vart slått saman med landkommunane Çarçovë, Frashër, Petran og Qendër Piskovë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Përmet.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 5 945 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Përmet, til saman hadde 10 614 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Përmet.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Përmet.[2]
Referansar