Librazhd er ein by og ein kommune i regionen Elbasan i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet og grensar i nord til regionen Dibër, i nordvest til regionen Tirana. I aust ligg nabolandet Nord-Makedonia.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Librazhd vart slått saman med landkommunane Qendër Librazhd, Hotolisht, Lunik, Stëblevë, Polis og Orenjë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Librazhd.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Librazhd 6 937 innbyggjarar, medan dei sju kommunane som i dag utgjer storkommunen Librazhd, til saman hadde 31 892 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Librazhd ein del av distriktet Librazhd.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Librazhd.[2]
Referansar