Pukë er ein by og ein kommune i regionen Shkodër i Albania. Kommunen ligg nord i landet og grenser i sør mot regionen Lezhë.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Pukë vart slått saman med landkommunane Gjegjan, Rrapë, Qelëz og Qerret.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Pukë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 3 607 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Pukë, til saman hadde 11 069 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Pukë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Pukë og busetnadene:[2]
Referansar