Dei sveitsiske Alpane (tyskSchweizer Alpen, franskAlpes suisses, italienskAlpi svizzere, retoromanskAlps svizras) er den delen av Alpane som ligg innanfor Sveits. Sidan dei ligg sentralt til heile den alpine fjellkjeda vert dei stundom òg kalla Dei sentrale Alpane. Den høgaste toppen i Dei sveitsiske Alpane er Monte Rosa (4 634 moh) nær grensa til Italia. Det høgaste fjellet som ligg heilt innanfor dei sveitsiske landegrensene er Dom (4 545 moh).
Alpane dekkjer 60% av arealet til Sveits (41 285 km²) som derfor er eit av dei mest alpine landa. Trass i at Sveits berre dekkjer om lag 14 % av det totale arealet til Alpane (192 753 km²),[1] er 48 av 82 fjell i Alpane over 4000 meter i Dei sveitsiske Alpane og resten ligg innanfor 20 km frå landegrensa.
Isbreane i Dei sveitsiske Alpane har eit samla areal på 1230 km² (3% av Sveits), og utgjer 44% av alle isbreane i Alpane (2800 km²).
Nordsida av Dei sveitsiske Alpane vert drenert av Rhone, Rhinen og Inn (som høyrer til nedslagsfeltet til Donau), medan sørsida hovudsakleg vert drenert av Ticinoelva (som høyrer til nedslagsfeltet til Po). Elvane på nordsida renn ut i Middelhavet, Nordsjøen og Svartehavet, og på sørsida renn Po ut i Adriahavet. Det store tredoble vasskiljet i Alpane ligg innanfor landet. Desse er Piz Lunghin, Witenwasserenstock og Monte Forcola. Mellom Witenwasserenstock og Piz Lunghin går Det europeiske vasskiljet som skil nedslagsfelta til Atlanterhavet (Nordsjøen) og Middelhavet (Adriahavet og Svartehavet). Det europeiske vasskiljet ligg faktisk berre delvis i hovudkjeda. 6% av ferskvatnet i Europa ligg i Sveits, og vert stundom kalla «vasstårnet i Europa».
Innsjøar
Sidan dei høgaste demningane ligg i alpine regionar, er mange av fjellvatna i Sveits kunstige og vert nytta som vassreservoar.[3] Somme kunstige innsjøar ligg over 2 300 m, men naturlege innsjøar større enn 1 km² ligg generelt under 1 000 m (med unntak av innsjøane i Engadin som Sils-sjøen og Oeschinensee i Bernse Oberland). Smeltande lågtliggande isbrear kan stundom skape nye innsjøar, som den 0.25 km² store Triftsee som vart danna mellom 2002–2003.
Høgdenivå
Tabellen under[4] gjev flatevidda over 2000 m og 3000 m og den respektive prosentdelen av det totale arealet i kvar kanton med høgder over 2000 moh.