Piz Linard er eit pyramideforma fjell i kantonen Graubünden i Sveits. Den 3 411 m høge fjelltoppen er den høgste i Silvrettafjella, som er ein del av Dei rätiske Alpane. Piz Linard ligg mellom dalane Val Lavinuoz i aust og Val Saglains i vest. Begge dalane høyrer til nedslagsfeltet til elva Inn i Engadin-dalen.
Toppen vart kliven 1. august 1835 av geologen og naturforskaren Oswald Heer leia av Johann Madutz. Ei segn seier at ein mann som heitte Chounard etter mykje møye nådde toppen av Piz Linard i 1572, berande på ein stor gyllen kross. Krossen har aldri vorte funnen.
Normalruta til topps går opp sørveggen. Frå Chamanna dal Linard brukar ein 4-5 timar på turen. Denne ruta vert gått rett ofte om sommaren, då ein har eit vidt utsyn over fjellheimen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff