Genfersjøen er den nest største ferskvassinnsjøen i Sentral-Europa etter Balatonsjøen. 60 % av innsjøen ligg i Sveits (kantonane Vaud, Genève og Valais), medan resten ligg i Haute-Savoie i Frankrike. Andre namn på sjøen er tyskGenfersee, franskLac Léman eller le Léman, 'Lémansjøen' og Lac de Genève, 'Genèvesjøen'
Innsjøen, som vart danna av isbrear under den siste istida vert smalare frå Yvoire og sørover, og innsjøen vert derfor delt inn i dei to delane Grand Lac (Stor innsjø) i aust, og Petit Lac (Liten innsjø) i vest.
I 1960-åra var ikkje lenger innsjøen den viktige transportåra han hadde vore i mange hundre år. Seint på 1960-talet var innsjøen så forureina at det var farleg å bade ved enkelte strender, og turistar på tur i den lokale ubåten hadde nærast null sikt. Ubåten vart til slutt seld. I 1980-åra hadde kraftig miljøforureining (eutrofiering) tatt knekken på nesten all fisk i innsjøen. I dag er forureiningsnivået mykje lågare, og det er heilt trygt å ta seg eit bad. Innsjøen vert i dag nytta til segling, vindsurfing, båtsport (som vasski og wakeboard), roing, dykking og bading.
Kyststripa mellom Nyon og Lausanne vert kalla La Côte, og mellom Lausanne og Vevey vert ho kalla Lavaux.
Namn
Det første nedteikna namnet på innsjøen er Lacus Lemannus frå romartida, men skifta seinare namn til Lacus Lausonius, Lacus Losanetes og så Lac de Lausanne i mellomalderen. Etter at Genève utvikla seg vart innsjøen kalla Lac de Genève (Genèvesjøen), og på 1700-talet kom det som i dag er det offisielle franske namnet på innsjøen, Lac Léman. Enkelte kart kallar innsjøen Lac d'Ouchy (etter ei hamn ved Lausanne).
Ymse
Keiserinna Elisabeth av Austerrike vart knivstukke i hjarta og drepen medan ho venta på ein båt ved innsjøen.