Thun (franskThoune) er ein kommune i distriktet Thun i kantonenBern i Sveits. Kommunen har 42 623 innbyggjarar (2010) og eit areal på 22 km². Byen er hovudstad i distriktet. Byen Thun ligg der elva Aare renn ut frå Thunsjøen. Byen vert rekna som porten til Berner Oberland.
Namnet Thun kjem av keltisk «dunum», og byen har vore bebudd sidan yngre steinalder. Byen har eit slott bygt på 1100-talet under hertugane av Zähringen. Thun fekk byrettar i 1264, og vart underlagt Bern i 1384.