Arve er ei 102 km lang elv i søraustlege delar av Frankrike (Haute-Savoie) og vestlege delar av Sveits (Genève), og ei av sideelvane til Rhône frå venstre.
Ho har sitt utspring i Dei graiiske Alpane, nær den sveitsiske grensa, og ho får vatn frå dei mange isbreane i Chamonixdalen (hovudsakleg Mer de Glace), før ho renn nordvestover og ut i Rhône nedanfor Genève.
Arve renn gjennom følgjande byar:
Chamonix, Sallanches, Cluses, Bonneville, Annemasse og Geneva.