Burjatisk er eit mongolsk språk tala av burjatar i Russland, Kina og Mongolia. Det bur rundt 218 600 burjatisktalende menneske i Russland (2010),[1] rundt 65 000 i Kina, og like mange i Mongolia.[2] Burjatisk er offisielt språk i republikken Burjatia i Russland, der det blir skrive med det kyrilliske alfabetet, med desse tilleggsbokstavane: Ү/ү, Ө/ө og Һ/һ. Ordforrådet i språket har innverknad frå russisk.
Utbreiing og dialektar
Burjatisk blei tala aust for Bajkalsjøen i den russiske republikken Burjatia, i Nordaust-Mongolia og i Nordvest-Kina.
Språket kan delast inn i ulike dialektgrupper. Om ein reknar med 13 dialektar finn ein ni i Russland - alar, barguzin, bokhan, rkhirit-bulgat, khori, nizneudinsk, oka, tunka og unga, to i Kina - bargu-buriat og aga, og tre i Mongolia - aga, sartul og tsongol.[2]
Fonologi
Burjatisk har vokalfonema /i, ə, e, a, u, ʊ, o, ɔ/ (og eit par diftongar),[3] kort /e/ er realisert som [ɯ], og konsonantfonema /b, g, d, th, m, n, x, l, r/ (alle med eit tilsvarande palatalisert fonem) og /s, ʃ, h, j/.[4] Vokalane er underlagt vokalharmoni.[5] Den grunnleggjande stavingsstrukturen er (konsonant)vokal(konsonant) [(C)V(C)], i hurtig tale kan det vere apokope, og dermed konsonant-konsonat (CC) ordfinalt.[6]
Trykk
Leksikalsk trykk fell på siste tunge ikkjefinale staving, viss det finst ei slik. Viss ikkje fell trykket på ordinitial trykksterk staving, der ho finst. Viss det ikkje finst tunge stavingar får ordet initialtrykk. Tunge stavingar utan hovudtrykk får bitrykk:[7]
Burjatisk blei tradisjonelt skrive med mongolsk skrift, men det litterære mongolske skriftspråket skilde seg mykje frå tala burjatisk.
I 1931 blei det innført eit skriftsystem for burjatisk i Sovjetunionen med latinske bokstavar som bygde på sartul- og tsongoldialektane.
Dette blei erstatta av ei modifisert russisk kyrillisk skrift rundt 1937, som er det burjatisk blir skrive med i dag. Skriftspråket byrggjer på khoridialekten, som også er standard taledialekt.[2]
Tilleggsbokstavane til det russiske alfabetet er Ү/ү, Ө/ө og Һ/һ.
Castren, Mathias Alexander 1857: Versuch einer burjätischen Sprachlehre: Nebst kurzem Wörterverzeichniss. St. Petersburg. online
Poppe, Nicholas (1960): Buriat grammar. Uralic and Altaic series (No. 2). Bloomington: Indiana University.
Skribnik, Elena (2003): Buryat. In: Juha Janhunen (red.): The Mongolic languages. London: Routledge: 102-128.
Svantesson, Jan-Olof, Anna Tsendina, Anastasia Karlsson, Vivan Franzén (2005): The Phonology of Mongolian. New York: Oxford University Press.
Sanzjeev, G.D., Bertagaev, T. A., Tsydendambaev, Ts. B. 1962: Grammatika burjatskogo jazyka. Fonetika i morfologija Moskva: Izdatel'stvo vostotsjnoj literatury. online
Walker, Rachel (1997): Mongolian stress, licensing, and factorial typology.