Mongolske språk

Mongolske språk
Klassifisering: Altaisk (omstridd)
Mongolske språk
Vidare inndeling:
  • Austmongolske språk
  • Vestmongolske språk
Område: Mongolia, Indre Mongolia, Xinjiang, Gansu, Qinghai, Burjatia og Kalmykia
ISO 639-5: xgn
Kart over dei mongolske språka.

Mongolske språk er ein språkfamilie som blir snakka i dei nordlege delane av Asia.

Dei mongolske språka skil seg frå kvarandre framfor alt syntaktisk, leksikalsk sett er det ikkje så store skilnader dei i mellom.

Dei mongolske språka blir ofte bunta saman i lag med tyrkiske og tungusiske språk til ein altaisk språkfamilie, men denne teorien får mindre og mindre støtte.

Klassifisering

Sjølv om avgrensinga av dei mongolske språka mot andre språkfamiliar er uproblematisk, er den interne strukturen til språkfamilien problematisk. Den tradisjonelle inndelinga i aust- og vestmongolsk (med ein restkategori av «randspråk») er geografisk heller enn genetisk motivert.

Litteratur

  • Janhunen, Juha (2003): The Mongolic Languages. London: Routledge
  • Clauson, Gerard (1962): Turkish and Mongolian studies. London: Luzac
  • Comrie, B. (1981): The languages of the Soviet Union. Cambridge: CUP
  • Masica, Colin P. (1976): Defining a linguistic area: South Asia. Chicago, IL / London: Chicago UP
  • Ramsey, S. Robert (1987): The languages of China. Princeton
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.