Belojarskij vart grunnlagd i 1969 som eit støttepunkt for bygginga av ein gassrøyrleidning frå Jamalhalvøya til Nadym i den europeiske delen av Russland. 1973 vart han urbanliknande busetnad og i 1988 fekk han bystatus.
Økonomi og næringsliv
Hovudnæringa i byen er drift og vedlikehald av gassrøyrleidningen til Tjumentransgas (russisk: Тюментрансгаз). Etter at det vart funne råolje i nærleiken starta selskapet RITEKBelojarskneft (russisk: РИТЭКБелоярскнефть) med utbygging av førekomstane
Lokalt viktig er òg tamrein- og pelsdyrhald, samt fiske.