Langepas (russisk Лангепас) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kajukovskaja, som er ei grein av elva Ob, 350 km aust for Khanty-Mansijsk.
Langepas tyder «ekornelva» på khantisk. Busetnaden fekk bystatus i 1985.
Økonomien i byen er basert på utvinning av olje og gass.
Bakgrunnsstoff