Uraj vart grunnlagd i 1922 av busetjarar frå sentrale område av Russland. Etter at det vart funne olje i området i 1960, vart staden ein busetnad for oljearbeidarar. Han fekk bystatus i 1965.
Økonomi og industri
Uraj er det organisatoriske senter for oljeutvinningsregionen. I 1960 vart det første oljefeltet i Sibir (Sjaimskojefeltet) opna her. Uraj er startpunktet for oljerøyrleidningen Sjaim–Tjumen. Oljeanlegget TPP Urajneftegaz OOO «LUKoil- Zapadnaja Sibir» ligg i Uraj.
Av andre industriar i Uraj er næringsmiddelindustri og husbygging.