Beit Zaid (hebraisk בֵּית זַיְד eller בית זייד tyder huset til Zaid) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Kiryat Tiv'on og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 220.
Området vart først busett i 1926 av Alexander Zaïd, ein av grunnleggjarane av Hashomer, kona hans og fire barn. I 1940 vart ein ny kibbutz, Giv'ot Zaid (kalla opp etter Zaïd) grunnlagd nord for den tidlegare heimen til Zaïd (han vart drepen i 1938) av fleire medlemmar av familien til Zaïd. Denne kollapsa i 1950. I 1951 vart dei tidlegare innbyggjarane i Giv'ot Zaid flytta til staden busett av familien hans, og dei grunnla Beit Zaid.
Kjelder