Aberfoyle (skotsk-gælisk Obar Phuill) er ein landsby i regionen Stirling i Skottland. Han har kring 500 innbyggjarar. Aberfoyle ligg ved elva Forth, like søraust for utspringet til elva i fjellkjeda the Trossachs. Han er innanfor grensa til Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark. Aberfoyle ligg om lag midt mellom byen Stirling i aust og Loch Lomond i vest, ca 40 kilometer nord for Glasgow.
Det var eit skiferbrot i åsen Craigmore (387 moh) frå om lag 1820 til 1950, i dag er turisme og skogbruk dei viktigaste næringsvegane i Aberfoyle.
Rob Roy vart fødd ikkje langt unna Aberfoyle, og landsbyen opptrer i romanen til Walter Scott om klanleiaren.
Kjelder