Loch Lomond (skotsk-gæliskLoch Laomainn) er ein innsjø i Skottland. Han er den største innsjøen på øya Storbritannia ut frå overflateareal og det ligg mange øyar i innsjøen, som Inchmurrin, den største øya i ein innsjø på Dei britiske øyane. Staden er ein populær feriestad og er omtalt i song.
Geografi
Loch Lomond er ein innsjø som ligg i Highland-forkastinga, grensa mellom låglandet i det sentrale Skottland og Dei skotske høglanda. Innsjøen er 39 km lang og mellom 1,21 km og 8 km brei. Middeldjupna er kring 37 meter og den største djupna er 190 meter. Overflatearealet er 71 km² og han har eit volum på 2,6 km³. Av alle innsjøane på øya Storbritannia har han det største overflatearealet og det nest største vassvolumet etter Loch Ness.[1] Berre Lough Neagh i Nord-Irland er større på Dei britiske øyane.[2]
Vegen A82 går langs vestsida av innsjøen. I lange tider var dette ein stad der det ofte oppstod trafikkork på grunn av mykje turistar her i sommarmånadane. Vegen vart oppgradert i 1980- og 1990-åra.
Øyar
Innsjøen har over 30 øyar.[3] Nokre av øyane kjem berre fram når vassnivået er lågt.[4] Fleire av øyane er forholdsvis store til å ligge i innsjøar og Inchmurrin er til dømes den største øya i i ein innsjø på Dei britiske øyane.[5] Som i Loch Tay er fleire av øyane såkalla crannogs, kunstige øyar som vart bygde i førhistoriske tid.