Loch Ness (skotsk gæliskLoch Nis) er ein stor og djup innsjø (loch) i det skotske høglandet, kring 37 km sørvest for Inverness. Loch Ness er mest kjend for ein sjøorm som skal halda til der, populært kalla «Nessie» etter namnet på sjøen. Mange hevdar å ha sett eit stort monster symjande i innsjøen, men det er ikkje prova at eit slikt vesen verkeleg finst. Det har vore organisert fleire store leiteaksjonar etter monsteret, men ingen har lukkast i å finna det. Frå ulike stader kring Loch Ness går det båtar, slik at turistar får høve til å sjå etter ormen.
Geografi
Loch Ness er ein av fleire skotske sjøar som blei skorne ut av brear under tidlegare istider. I flatevidd er han den andre største sjøen i Storbritannia, etter Loch Lomond, og den største sjøen i den geologiske forkastingaGreat Glen. I vassmasse har Loch Ness meir vatn enn alle innsjøar i England og Wales til saman. I tillegg til å vera ein stor og djup loch har Ness særs dårleg sikt på grunn av mykje torv i jordsmonnet rundt.